Spiseforstyrring - pårørandeseminar 

 
 

Velkommen til seminar med informasjon og samtalar om spiseforstyrringar. Seminaret rettar seg til familie, søsken, nære vener eller andre som kjem i kontakt med noen som har ei spiseforstyrring. Vi veit at å jobbe seg ut av denne lidinga er ein tøff prosess, som ofte tar lang tid. Pårørande vil gjerne støtte, men er ofte er usikre på korleis forholde seg.

Sidan 1999 har brukarorganisasjonen ROS og Seksjon for spiseforstyrringar arrangert desse seminara.

Alle innlegg under seminaret må vere formulert på eit generelt grunnlag. Unngå spørsmål knytta til ein bestemt person. For private spørsmål viser vi til dei respektive institusjonane.


Tidspunkt i 2012 
06. juni            09.00 - 15.30
15. november    09.00 - 15.30   

Tidspunkt i 2013
07. juni            09.00 - 15.30
08. november    09.00 - 15.30


Pris: Gratis

Påmelding
Telefon 55 97 68 21, Seksjon for spiseforstyrringar
eller: 
Telefon 55 31 01 90, ROS senter for spiseforstyrrelser, Bergen
e-post: bergen@nettros.no

Påmeldingsfrist: en uke før kursstart

Program:

Kl.09.00:   Velkomst og informasjon om dagen v/ergoterapeut Barbro Lennstrøm og sjukepleiar Margit Galdal, Seksjon for spiseforstyrringar

  

Kl. 09.10:  Kva funksjon har ei spiseforstyrring?psykolog Asle Halvorsen.

 

Kl. 10.00:  Pause.      

 

Kl. 10.15:  Motivasjon til endring, kva kan pårørande gjere? v/ psykolog Asle Halvorsen.

 

Kl. 11.00:  Lunsj  i kurslokala

               

Kl. 12.00:  Hva skjer med kroppen ved spiseforstyrringar? Medisinske forandringar v/overlege Stein Frostad, Seksjon for spiseforstyrringar.        


Kl. 13.00:  Pause

 

Kl. 13.15:   Samtale /undervisning i grupper rundt følgjande tema:

              

             A. Presentasjon av Ros, senteret for spiseforstyrrelser i Hordaland ved psykiatrisk sjukepleiar Line Orvedal.

   Møte med tidlegare brukar

B. Utfordringar i familien.

Her er muligheit til å ta opp ulike erfaringer ein møter som pårørande. v/Seksjon for spiseforstyrringar

 

Gruppene kjem til å vere gjennom begge temaene gjennom dagen. Det blir ca. 1 time på kvart tema med 15 min. pause mellom kvar samling.



Stad
Lærings- og mestringssenteret i Bergen, Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2 (v/innkøyringa til Haraldsplass)

For private spørsmål viser vi til behandlingsansvarlig eller seksjonsleiar ved Seksjon for spiseforstyrringar eller til ROS.

Publisert 01.07.2010 14:47 | Endret 18.05.2012 13:33 
Tidspunkt

Startdato: 15.11.2012 08:30 
Sluttdato: 15.11.2012 16:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo