Kursprogram: Les programmet her
Målsetting:
- Å gje deltakarane eit best mogeleg grunnlag for å endre livsstil.
- Unngå å bli sjukare og å førebyggje komplikasjonar.
- Bevisstgjering / å akseptera at sjukdomen/plagene krev eigeninnsats i tillegg til hjelp frå helsevesen.
Antal deltakarar: 12
Tid: Kurset vert arrangert 2 gonger pr år på Voss, haust og vår og går over 4 dagar + oppfylgingsdagar etter ei tid.
Kursdatoar vår 2012: 12.03., 26.3., 13.4., 7.5.
Kl. 10 - 15 kvar dag.
Tilsvarande kurs vert arrangert i Kvam frå mai 2012.
Stad: Lærings- og meistringssenteret, Voss Sjukehus, avd. Rogne
Pris: kr 307 i egenandel for pasienter (skrives på egenandelskortet). Gratis ved frikort. Pårørende gratis.
Lunsj kan kjøpast for kr 60 per person per dag
Påmelding
Du må få tilvising av lege for å delta på kurset. Har du trong for sjukemelding eller drosje, tek du dette opp med fastlegen din.
Er du interessert? Ta kontakt for meir informasjon hos
Dagleg leiar Hilde B. Børve, LMS Voss sjukehus
på tlf. 56 53 38 42 eller e-post: Lms.voss@helse-bergen.no
Det tas forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte.
Der vil vera mykje fokus på endring, motivasjon, bevisstgjering og sjølvhjelp. Vi vil ha smørjemåltid kvar kursdag. Dag 3 lagar vi mykje mat, eter saman og diskuterer mat og endring av vaner.
Kursarrangørar
Læringstilbudet er utvikla av Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL), Diabetesforeningen, Astma / allergilaget og Voss Sjukehus i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret (LMS) Voss.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og mestringssenteret, blir dekka etter faste satsar mot ein eigendel. Reise bestiller du gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mulig etter innkalling. Ta vare på kvitteringer. Pårørande kan også få dekka kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal ledsage.
Publisert
30.06.2010 08:25 |
Endret
13.04.2012 08:16