Grunnkurs nr. 26 i maritim medisin 

 
 

Blir arrangert 7.-11. mai 2012 på Hotel Radisson Blu, Ole Bulls plass, Bergen.

Presentasjonar Grunnkurs 26


Kursprogram Grunnkurs 26

Grunnkurs i maritim medisin har vore arrangert sidan 1998 ved Haakonsvern Orlogsstasjon. Kurset har etterkvart funne si form, og er blitt det grunnleggjande kurset for ein kvar som vil bli sjømannslege, som oppfrisking for dei som allerede er sjømannslegar, og for andre som ynskjer ei grunnleggjande innføring i maritim medisin.

Praksis har etter kvart blitt at det er ønskjeleg å ha gjennomført dette kurset for å bli godkjend sjømannslege og off-shore lege, sjølv om det førebels ikkje er eit formelt krav for å søkja slik godkjenning. Sjå omtale på Sjøfartsdirektoratet sine sider på linken: http://www.sjofartsdir.no/no/Sjofolk/Sjomannsleger/

Kurset har vært  godkjent frå Den norske legeforening for teljande timar/poeng som emnekurs/klinisk emnekurs/valfritt kurs for legar under spesialisering og for spesialistane si etterutdanning i SAMFUNNSMEDISIN 40 timer, ALLMENNMEDISIN 40 poeng og ARBEIDSMEDISIN 40 timer og vi søkjer legeforeningen om dette .

Kurset vert arrangert to gonger i året i nært samarbeid med Saniteten i Sjøforsvaret og Forsvarets Sanitet. Vernepliktige legar har prioritet ved opptak til kurset. Dei plar nytta seg av omlag halve kapasiteten ved kurset.

 

Målgruppe:
Helsepersonell, Andre

Målsetting:
Å gje grunnleggjande kunnskap om maritim medisin til legar og anna helsepersonell, med spesielt fokus på å kvalifisera til godkjenning som sjømannslege.

Kurset tar også mål av seg til å dekkje opplæringskrava til godkjenning som petroleumslege og i tillegg krava til dykkarlege som skal sertifisere dykkarar i petroleumsverksemda.

Kursprogram:
Vil bli som grunnkurs 25 med små endringer.

 

Kursform:
Forelesningar, gruppearbeid, plenumsdiskusjonar, kursprøve.

Dokumentasjon:

"Textbook of maritime medicine" er lansert av NSMM våren 2010 i samarbeid med International Maritime Health Association. Den gir ei breiddeforståing for fagfeltet maritim medisin, og er å finna på www.nfmm.no/tmm. Dette er den einaste læreboka i verda i maritim medisin utgjeven for helsepersonell.

Det er ein føremun å ha gjort seg kjend med gjeldande lover og forskrifter for arbeidsfeltet i førehand:

LOV-2007-02-16-9 Skipssikkerhetsloven. Lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven). (2007-02-16)

LOV-1975-05-30-18 Sjømannsloven - sjøml. Sjømannslov.1 (1975-05-30)

LOV-1967-02-10 Forvaltningsloven - fvl. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). (1967-02-10)

FOR-1990-11-12-1164 Forskrift om helsekrav for personer i petroleumsvirksomheten.
Forskrift om helsekrav for personer i petroleumsvirksomheten. (1990-11-12)

FOR-2001-10-19-1309 Forskrift om helseundersøkelse på skip. Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på skip. (2001-10-19)

FOR-2001-08-31-1016 Forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten (rammeforskriften)

FOR-2005-01-01-8 Forskrift om arbeidsmiljø mv. på skip. Forskrift om arbeidsmiljø, sikkerhet og helse for arbeidstakere på skip (2005-01-01)

FOR-1974-06-28-3 Forskrift om legeundersøkelse av loser. Forskrifter om legeundersøkelse av loser og losaspiranter. (1974-06-28)

FOR-1974-07-09-1 Forskrifter om synsundersøkelse av loser og losaspiranter.
Forskrifter om synsundersøkelse av loser og losaspiranter. (1974-07-09)

FOR-2001-03-09-439 Forskrift om skipsmedisin. Forskrift om skipsmedisin. (2001-03-09)


Førelesar:

Sjå temaliste. Det kan einskilde endringar i lista, både med høve til tema og førelesar.

Tidspunkt:
7. mai til 11.mai 2012

Antal plassar:
40

Status:
Påmelding: Open.

Kursstad:
Legenes Hus, Kalfarvn. 37, Bergen


Kursavgift:

Kursavgift kr 8.000,- + Dagpakke kr 500.-x5 = 2.500,-, totalt kr 10.500,-. (med atterhald om mindre justeringar) Hotellopphald er ikkje inkludert i prisen.

Påmeldingfrist:

Innan 10. april 2012
Påmelding til:
Heidi Kristin Anglevik, hkan@helse-bergen.no

Påmeldingsskjema

Ansvarleg:
Overlege dr.med. Leif Aanderud, NSMM



Publisert 20.12.2011 13:38 | Endret 16.05.2012 11:37 
Tidspunkt

Startdato: 07.05.2012 00:00 
Sluttdato: 11.05.2012 00:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo