Kurset er for pårørande til barn 0 – 18 år med primær eller sekundær binyrebarksvikt som følge av diagnosene Addison, AGS, Akromegali, Cushing og Hypofysesvikt. Barn frå 14 år
med diagnose kan delta.
Læringsmetodar
Føredrag, samtale i grupper, erfaringsutveksling, dialog med fagfolk
Tid 2012
Onsdag 8. 12.00 - 17.00
og torsdag 9. februar kl 0930 - 1400
Startkurset vil gå vekselsvis med oppfølgingskurset annakvart år.
Pris
Kr 307 i eigendel for ungdom over 16 år (skrives på eigendelskortet. Gratis ved frikort). Pårørande gratis. Enkel lunsj serveres.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.
Påmelding
Tilvising frå lege er nødvendig for å delta på kurset.
Send tilvisinga til
Binyrebarksvikt opplæring/tilvisingskontoret
Barneklinikken, Seksjon for endokrinologi
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Tilvisinga gjeld som påmelding. Du vil få ei stadfesting på tildelt plass.
Med atterhald om nok påmelde.
Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs, blir dekka etter faste satser mot eigendel.
Eventuell reise bestiller du på telefon 05515, www.pasientreiser.no snarast mulig etter innkalling. Ta vare på kvitteringar.
Pårørande kan og få dekka kostnadar dersom det står i tilvisinga frå lege at pårørande skal følgje.
Ved kurs for foreldre til barn med langvarig sjukdom får deltakarar refundert tapt arbeidsforteneste (opplæringspengar) når dei dokumenterer kursdeltakinga.
Arrangørar:
Morbus Addison Forening og Barneklinikken
Publisert
16.08.2010 12:06 |
Endret
09.02.2012 11:17