Kurset er for personar som har fått stilt Bektherev-diagnosen hos ein spesialist i revmatologi. Pårørande er velkommen til å delta.
Les programmet her
Målsetting:
- Gjennom undervisning og erfaringsutveksling auke kunnskapen om sjukdom og betre føresetnaden for å leve med sjukdommen i kvardagen
- Høve til dialog med ulike faggruppar
- Høve til å møte andre i same situasjon
Tid 2012
Vår: Onsdag 25. og torsdag 26. april kl 09.00 - 15.00 begge dager
Høst: Onsdag 28. og torsdag 29. november kl 09.00 - 15.00
Pris
kr 307 i eigendel for pasientar (skrivast på eigendelskortet. Gratis ved frikort). Pårørande gratis.
Enkel lunsj serveres.
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld også om du har frikort.
Påmelding
For å delta på kurset treng du tilvisning frå lege. Meld frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta. Ved behov for ledsagar skal dette stå i tilvisinga.
Tilvisinga sendast til
Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen,
Ulriksdal 2
5009 Bergen
Merk konvolutten med namn på kurset.
Tilvising gjeld som påmelding. Du vil få stadfesting på tildelt plass. Det er eit vilkår at det er tilstrekkeleg tal påmeldte for at kurset blir gjennomført.
Publisert
05.06.2010 23:22 |
Endret
24.04.2012 11:20