Astma - vaksne 

 
 

Kurset er for vaksne personar som har fått diagnosen astma.

Målsetting:
  • Auka innsikt i eigen sjukdom
  • Betre meistring av livssituasjonen din
  • Møte andre i same situasjon

Tid
Kurs for 2012 er ikkje fastsatt.

Pris

Kr. 307,- i eigendel - kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj serverast.

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krever sjukehuset kr 306.

Stad
Lungeavdelingens poliklinikk, Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen 

Påmelding
Du treng ei tilvising for å delta på kurset. Alle legar kan skrive det. Tilvisningar sendast til:

Lærings- og mestringssenteret i Bergen, Ulriksdal 2, 5009 Bergen.

Tilvisinga gjeld som påmelding. Du vil få stadfesting på tildelt plass.

Før kurset blir du innkalt til ein samtale med sjukepleiar og til diverse undersøkingar(spirometri, NO, blodprøver ol.)

Kurset er arrangert i samarbeid med
NAAF Norges Astma- og Allergiforbund 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no:
• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser

Ta vare på kvitteringar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Publisert 01.09.2010 13:04 | Endret 14.05.2012 14:37 
Tidspunkt

Startdato: 31.12.2012 09:30 
Sluttdato: 31.12.2012 15:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo